torsdag 13. november 2008

The stalker

I buss-skuret. Eg sit på den lille benken att med dei tunge posane mine som eg har fylt opp med helg. Ett stykke bortenfor, på andre sida, står han. Han som alltid står på busshaldeplassen. Når eg seier alltid, meiner eg akkurat det. For han står der ALLTID. På busshaldeplassen utanføre butikken. Eller så treffer eg på han inni bussen. Han er ikkje vanskeleg å få auge på. To meter høg, knallraud boblejakke og knallraude sko. Og masse skjegg. Han står der og vippar fram og tilbake på føttene. Vippinga gjer signaler om at han ikkje er normal. At han kan vere utilregneleg, få utbrot, eit eller anna. Det kjem ein buss der han står, men han går ikkje på. Berre står der med vippinga si. Eg er tidleg ute og bussen er forsinka. Det gjer at han har god tid til å tenkje seg om. Faen. Eg kikker om bussen kjem. Håpar så inderleg at bussen kjem. Men nei. Han står og stirrar min veg. Så byrjar den raude boblejakka å bevege seg over vegen. Sakte, men sikkert. Han har peila seg inn. På meg. Eg kjenner panikken breiar seg i meg. Nei, nei, nei. Ikkje igjen. Ein annan gong eg tok bussen til Haugesund, sat han der. På bussen. Eg såg han ikkje med ein gong, og satte meg framst. Han såg på meg heile turen. "Faen at eg tok på meg skjørt", tenkte eg. Det hjelper vel ikkje akkurat at eg viser fram leggene mine. Men kva visste vel eg om at stalkeren sat på bussen? Då eg gjekk av, gjekk han óg av. Eg kjende at han gjekk etter meg. Så eg bråsnudde, slik at vi gjekk motsatt veg. Så eg fekk rista han av meg. Men no sit eg altså i buss-skuret, han har kome bort og stilt seg inne i buss-skuret ved sida av meg. To raude meter står der og vippar. Hjarta mitt dunkar hardt av panikk. Kva gjer eg no? Han har bestemt seg for følge etter meg. Det merkar eg. Kven som helst hadde merka det. Han er ein av "originalane" i området. Ein av dei som plutseleg ein dag gjekk frå å vere passeleg normal til meget rar. Nokon seier at han dreiv med stereoider. At hovudet hans blei ødelagt av det. Eg stolar ikkje på han. Sjølv om han sikkert er harmlaus. Kven vil vel ha to meter med boblejakke i hælane? Bussen min kjem, eg betalar, og boblejakka setter seg på eit sete så nær meg som han kan. Nokon går av bussen, og han flyttar på seg, slik at han no sit tvers over meg. Det stinkar heftig urin i bussen. Det er sikkert han som stinkar. Hjarta dunkar hardare i redsel. Noko må gjerast. No. Skal eg gå av, ta ein buss som går seinare? Stalkeren må ikkje få vite kvar eg bur..! Han kjem heilt sikkert til å gå av på same haldeplass som meg. Då høyrer eg walkie-talkien i bussen. Ein annan buss-sjåfør seier: "Er det nokon passasjerar som skal til Håvik, så kan eg ta dei, så slepper du å køyre innom." Personen ved sida av meg skal av bussen no. Eg later som eg berre skal reise meg for å sleppe han fram, men så fyker eg ut av bussen eg óg. Der kjem den andre bussen rett bak. Eg hoppar på den. Hjarta er framleis i full galopp, og det tar tid før eg klarar å roe meg. Eg klarte å rista han av meg denne gongen óg. Eg spiser ein smultring. Er det paranoia? Eg satsar på at det er overlevings-instinktet mitt.

1 kommentar:

svakaffi sa...

jeg vil gjerne ikke ha to meter med boblejakke i hælene! nervepirrende tekst. ser han for meg. vippende, med hendene i lommene og alltid i nærheten av, eller på en buss. reint som det er noe overjordisk over hvordan han er alle steder på en gang...