mandag 9. februar 2009

Er

I dag, då eg gjekk utanføre huset, såg eg snøen. Såg eg sjøen. Sjø og snø er fine saman. Eg følte dei. Det tjukke kvitaste og det blåe djupaste. Sjøen var så djup blå at ein skulle tru nokon hadde dryppa blekk ut i. Og når fullmånen no skiner på sjøen si travle overflate, tenkjer eg, kjenner eg: Dette er noko som er bra. Dette er noko vi treng. Det vakre. Vi treng å nyte det vakre rundt oss. Men vi må stoppe opp. Ikkje berre sjå på det. Men FØLE det. La det bli til ein del av oss. La oss sjølv svinne hen i det, utan å tenkje. Gje slepp på alle krava rundt oss, for eit augneblink. Å ikkje vere namnet sitt, eller gjerningane sine. Ikkje vere tittel, klede eller omdøme. Men vere ein del av det heile som snurrar rundt, som skapar fargar, dagar og netter. Det heile, det som skapar av seg sjølv. Det som er større enn oss og som ER oss. Naturen. Vi ER natur. Vi er vakre. Kvart eit grasstrå er vakkert, det har verdi. Det er liv. Det blir sterkt saman med fleire, og det gir liv. Vi er alle ein del av sirkelen. Lat oss ikkje setje oss sjølve utanføre sirkelen av liv. Vi får liv, og vi gir liv tilbake. Opne augene. Opne. Du ER. Vi er. Levande.

mandag 2. februar 2009

søndag 1. februar 2009

det rolege

det er roleg.
der alt er.
det er februar.
eg sankar drivved att med sjøkanten.
dei store og små steinane er tydelege.
tydelegare enn før.
det er det rolege som gjer dei rom.
som gjer dei tydelege.
og vakrare.
gyldne skyer høgt oppe slepper sola gjennom.
ein gong i mellom.
og eg sankar.
og eg ser.
og den kalde rolege lufta fyller lungene.
og hegren står i ro.

mandag 26. januar 2009

i dag


i dag er dagen der eg:


har fri.

vaknar med sola på glaset.

har ein bil ståande utanføre.

køyrer med sola mot meg.

kjøper lyspærer og superlim.

køyrer med sola bak meg.

besøker fridomsgudinna.


i dag er dager der eg:


er glad.



torsdag 22. januar 2009

blest og glør

Og der. I ei lita stue. Sat ho. Med hår lik tau og sjøgras. Huset ho bodde i knaka. Vinden var sterkare enn på lenge. I dag laga ho mat. Klippfisk og poteter og kvit saus og raspa gulerøter. Medan ho røra i sausen leka katten med ei potet på golvet. Poteta var ei gåve frå ho til katten. Ho lo då ho såg katten slå poteta rundt på kjøkkengolvet. Eit perfekt augneblink. Det var ekte og hadde inga bekymring i seg. Etter maten la ho ei plate i spelaren som var så fin at ho gråt. På bordet stod seks talgelys og i ovnen trakk flammane viltert gjennom vedkubbane. Store glør brøyt saman og snart måtte ho legge i en ny kubbe. Ho laga ei liste over dei viktigaste gjeremål ho måtte huske å gjere løpet av dei neste dagane. Sjølv om ho godt visste kva ho måtte gjere. Utan å skrive det ned. Men det var noko med å kunne stryke ut eit punkt. Eller ei stjerne. For ho laga ei stjerne framføre kvart gjeremål. Ho likte det. Å setje stjerner framføre noko.

*Male ferdig postkassa
*Spikke ei ny trenål
*Legge klær inn i skapet
*Male ferdig biletet til Heidi
*Vaske opp

Alt kunne fint gjerast på éin dag.
Om ho berre ville.

søndag 11. januar 2009

Leiligheita

Eg sit i eit av romma. Eit av romma i den største leiligheita eg nokon sinne har vore i. Taket er himmelhøgt. Menneskene som bur her ringer til kvarandre når dei ikkje finn kvarandre. I leiligheita. For ho er så stor. Her bur tre jenter. I den største leiligheita. I Oslo. På Frogner. Tre hippie-jenter på Frogner. Det kan vi like. Mange mennesker er her. Dei har valvarta til Frogner for å varme opp huset. Housewarming seier dei jo på engelsk. Og her må varmast opp. Det trengs nok i ein så stor leiligheit. Men bygningen er gamal. Det er atmosfære. Det er ein supergigantisk kakkelovn og kassettak i stua. Ornamenter i taka og knallgrøne fliser på badet. Godt er det å vere i byen. Den største i landet. Eg er i den største leiligheita i den største byen i Noreg. Er eg blitt stormannsgalen??? Skitt la gå.

lørdag 10. januar 2009

Toget



Sitte i eit tog. Eg sit i toget. No. Toget køyrer over ein laaaaaaang strekning. Timane sniker seg forbi og dyttar toget framover, framover. Vi som er inni toget. Vi sit heilt i ro. Alle har si musikkverd på øyrene. Eg er i Autechre-land. Svimlande lekande drømmande elektrisk sirleg pling plong instrumentalmusikk. Autechre gjer at toget flyg opp i lufta, blir mjukt og tøyeleg. Toget leker seg mellom skyene. Snirklar seg under havoverflata. Krøllar seg rundt trer i djupe skogar. Tida forsvinn. Eller tar ein annan form. Tida er musikken. Musikken blir tida. Musikken binder alt saman på ein ny måte. Alle og ein kvar i toget binder saman verda si med sin eigen musikk. Hadde vore fint å kunne hoppe frå det eine hovudet til det andre. Oppleve ulike verdener. Men akkurat no likar eg mi eiga verd så godt at eg berre vil sitte her i ro. Medan toget utforskar alle elementane. Og eg får sitje på.

torsdag 8. januar 2009

diamantar

.

I dag sa ei lita jente til meg:

"Så fine diamantar du har i håret ditt!"

Ho såg noko anna enn det eg gjorde.

.

onsdag 7. januar 2009

dagen

Så stod eg der. Framføre sardinene. I butikken. Eg stod ganske nær dei. Sardinboksane. Såg på dei. Dei var pakka inn hermetisk. Med knallraudt plastomslag. Slik at augene mine skulle legge merke til dei. King Oscar stod det. Med bilete i midten. Av Oscar. Han såg på meg. Med uniformen sin stram om nakken. Han har bart. Ein lang ein. Den heng ned. Vippar seg i bogar ut til kvar side. Han osar. Osar stolthet og velstand. Eg kikar på baksida. Der står sikkert ei lita kort historie. Lik på Fisherman's Friend-posane. Ei kort men spanande historie om korleis Kong Oscar vart konge. Eller korleis han kjempa i mange år for å bygga opp sardinfabrikken sin. Korleis liv måtte gå tapt. Generasjonar som har ofra liva sine for at du og meg i dag skal kunne kjøpe King Oscar sine sardiner i butikken. Eg blir nesten røyrd. Eg vendar sardinboksen. Men der står inga historie. Der står berre ei oppskrift. Pastasalat à la King Oscar. Eg kjenner irritasjonen. Han byggar seg opp. Denne à la-en. Han skal liksom gjere det heile så eksotisk. Kven er det som brukar dei? Oppskriftene på baksida av King Oscar-emballasjen? Eg har ete sardiner på same måte i ti år. På brød. Eller knekkebrød. Med majones under og noko grønt oppå. Men skitt la gå. Som dei sa. Folk. Eg har ikkje kome der ennå. Til poenget. For når eg stod der. I mi eiga sardinverd. Nærare sardinboksane enn dei fleste plar å gjere. Strakk det ein arm framføre meg. Eg fraus. Eg såg armen. Og handa. Køyre i sakte film. Forbi anletet mitt. Mot sardinboksane. Eg snudde meg ikkje. Ikkje med det fyrste. Men så klarte eg ikkje la vere. Det kunne jo hende at eg kjende han. For det var ein mann. Det såg eg på handa. Og på ermet. Eg måtte jo seie hei hvis eg kjende dette mennesket. Og så måtte eg smile. Ja. Det måtte eg ikkje gløyme. Å smile. Eg vrei nakken slik at hovudet mitt dreide seg litt til høgre. Eg såg rett inn i augene til et menneske. Som eg ikkje hadde sett augene til før. Augene smilte. Dei hadde mange gode snille smilerynker rundt seg. Smileaugene. Til mannen. Som strakk seg etter sardinene. Etter King Oscar. Han var dobbelt så gamal som meg. Mannen. Med dei snillaste augene. Han smila til meg. For eg stod jo der. Foran sardinene. Eg stod litt i vegen for han. Og tenkte sardintankar. Han kunne sikkert sjå kva eg tenkte på. Kan hende har kjende seg att. At han har stått på same måte ein annan stad og tenkt litt. På Oscar. På skjebner. Generasjonar. At han såg livet i små episodar om gongen. I sakte film.
Eg var glad resten av den dagen.

torsdag 18. desember 2008

Lykkeleg er den.
Som spontant svinger innom ein butikk.
Som sel det elektriske.
Det digitale.
Det spelbare og det høyrbare.
Lykkeleg er eg.
Som spontant kjøpte ein ny, flat og skinnande mp3-spelar.
Og eit nytt headset så fett at det nærast drypp av det.

Aah.... og lykkelege er vi som dansar gjennom livet.
Til musikk.
Som kjem til sin rett.