-og helga som var. ikkje visste eg alt den ville innhalde.
sitte på ein stor stein i regnklede og sjå ein plog fuglar komme flygande over meg. ein plog som skiftar fasong og retning heilt til han er ute av syne. leikande plog.
svirre forventingsfullt rundt i et lite hus. musikk og hogge ved. vente på noko som kjem.
blindteste juleøl.
ukjende mennesker som veit kva eg heiter.
vindrikke med latter om kvart blikk og stolar som dansar på hovuder.
ligge på gulvet. teikne med kulepenn på ein teip på ein lenestol.
lene seg tilbake. sjå inn i auger utan bekymring. gå på luftputer.
late seg på sofaen heile dagen. sjå ein heil sesong av ein serie eg likar.
kjenne at verda opnar seg. eg er open for verda.
for ei stakka stund. til morgondagen. til jobb.
men eg skal prøve å ha døra på gløtt.
for den kan ikkje vere vidopen.
ikkje heile tida.
søndag 30. november 2008
torsdag 13. november 2008
The stalker
I buss-skuret. Eg sit på den lille benken att med dei tunge posane mine som eg har fylt opp med helg. Ett stykke bortenfor, på andre sida, står han. Han som alltid står på busshaldeplassen. Når eg seier alltid, meiner eg akkurat det. For han står der ALLTID. På busshaldeplassen utanføre butikken. Eller så treffer eg på han inni bussen. Han er ikkje vanskeleg å få auge på. To meter høg, knallraud boblejakke og knallraude sko. Og masse skjegg. Han står der og vippar fram og tilbake på føttene. Vippinga gjer signaler om at han ikkje er normal. At han kan vere utilregneleg, få utbrot, eit eller anna. Det kjem ein buss der han står, men han går ikkje på. Berre står der med vippinga si. Eg er tidleg ute og bussen er forsinka. Det gjer at han har god tid til å tenkje seg om. Faen. Eg kikker om bussen kjem. Håpar så inderleg at bussen kjem. Men nei. Han står og stirrar min veg. Så byrjar den raude boblejakka å bevege seg over vegen. Sakte, men sikkert. Han har peila seg inn. På meg. Eg kjenner panikken breiar seg i meg. Nei, nei, nei. Ikkje igjen. Ein annan gong eg tok bussen til Haugesund, sat han der. På bussen. Eg såg han ikkje med ein gong, og satte meg framst. Han såg på meg heile turen. "Faen at eg tok på meg skjørt", tenkte eg. Det hjelper vel ikkje akkurat at eg viser fram leggene mine. Men kva visste vel eg om at stalkeren sat på bussen? Då eg gjekk av, gjekk han óg av. Eg kjende at han gjekk etter meg. Så eg bråsnudde, slik at vi gjekk motsatt veg. Så eg fekk rista han av meg. Men no sit eg altså i buss-skuret, han har kome bort og stilt seg inne i buss-skuret ved sida av meg. To raude meter står der og vippar. Hjarta mitt dunkar hardt av panikk. Kva gjer eg no? Han har bestemt seg for følge etter meg. Det merkar eg. Kven som helst hadde merka det. Han er ein av "originalane" i området. Ein av dei som plutseleg ein dag gjekk frå å vere passeleg normal til meget rar. Nokon seier at han dreiv med stereoider. At hovudet hans blei ødelagt av det. Eg stolar ikkje på han. Sjølv om han sikkert er harmlaus. Kven vil vel ha to meter med boblejakke i hælane? Bussen min kjem, eg betalar, og boblejakka setter seg på eit sete så nær meg som han kan. Nokon går av bussen, og han flyttar på seg, slik at han no sit tvers over meg. Det stinkar heftig urin i bussen. Det er sikkert han som stinkar. Hjarta dunkar hardare i redsel. Noko må gjerast. No. Skal eg gå av, ta ein buss som går seinare? Stalkeren må ikkje få vite kvar eg bur..! Han kjem heilt sikkert til å gå av på same haldeplass som meg. Då høyrer eg walkie-talkien i bussen. Ein annan buss-sjåfør seier: "Er det nokon passasjerar som skal til Håvik, så kan eg ta dei, så slepper du å køyre innom." Personen ved sida av meg skal av bussen no. Eg later som eg berre skal reise meg for å sleppe han fram, men så fyker eg ut av bussen eg óg. Der kjem den andre bussen rett bak. Eg hoppar på den. Hjarta er framleis i full galopp, og det tar tid før eg klarar å roe meg. Eg klarte å rista han av meg denne gongen óg. Eg spiser ein smultring. Er det paranoia? Eg satsar på at det er overlevings-instinktet mitt.
onsdag 12. november 2008
Draumesky
I dag var skyformasjonene på himmelen så overveldande og vakre at tårene pressa på. Eg stoppa sykkelen i same sekund som eg oppdaga dei voldsomme, lysande gule skyene. Bak var skyer i isande blått, noko som blei ein sterk kontrast. Den enorme gule skya hadde slik kraft i seg, det var som om ho var i ferd med å ta over jorda, sluke heile kloden i eit einaste mjukt favntak. Og i favntaket blei alle levande vesener på jorda lulla inn i ein svevande draum, alle fekk det lille arkaiske smilet om munnen og lot kroppen sveve fritt idet den store skya tok dei med til ein annan stad i galaksen. I denne delen av galaksen kunne dei leve som frie mennesker. Ingen trengte å gå på jobb, dei kunne bruke all tida si på å vere glad i kvarandre. For her blei jorda deira så fruktbar at det berre var å plukke det naturen bydde på. Og ingen lei noko naud. Med lys i augene kunne dei legge fortida bak seg og berre leve no. Dei kunne ligge i hengekøyer om natta, og klatre i trærne eller symje i havet om dagen. Og det var ikkje berre som ein herleg draum lenger - det var ekte, og kvar celle i alle vesener levde i takknemd og kjærleik.
Ut og draume og månen er kulelys.
tirsdag 11. november 2008
musikk i mørket
Det er ei stund sida no, men eg var på den store kinodagen i Kopervik. Halv pris. To filmar for prisen av ein. Eg, Maren og Kristian skulle på Mamma Mia-filmen, som alle snakka om. Vi måtte få nyss i kva dette var for ein film. Vi kjøpte billett tidleg, og gjekk ein tur ute medan vi venta på at tida skulle gå. Vi kom presis, og skulle gå inn i kinosalen. Nei, det er fullt, sa dei. Akkurat lik sketsjen i Lille Lørdag der Josef og Maria ikkje får kome inn i herberget. Fyrst blei vi skuffa, men så sjekka vi ut alternative filmar vi kunne sjå. Der gjekk ein film som heit Once. Vi tar den, sa vi til dei kinoansatte, som hadde skyld i blikket for dei hadde tulla med tellinga av billettane. Vi trudde vi måtte nøye oss med stallen, lik Josef og Maria, men nei. Once viste seg å vere ein vakker irsk film med nydelig musikk laga av Glen Hansard, som óg speler hovudrolla. Vi blei til 3 takksamme og mjuke mennesker med tårer som balanserte på kanten. Eg legg ved songen som vart prisa med Oscar for beste song. Songen, 'Falling slowly', er som filmen, enkel og vakker. Rein og ærleg.
power kiting
Den nye lidenskapen! Kva visste vel eg om at den vart kalla POWER KITING ute i den store verda? Musikken i videoen kan dei fleste spara seg for, men filmen viser godt kvifor det er vits i å drive med dette: Det er ekstremt GØY!!!!
onsdag 5. november 2008
BO!
Eg hoppar i taket! Eg spretter mellom veggene! Eg er faktisk overstadig svinaktig begeistra over at Obama, den kloke og milde, at han vant!! JAAAAAA!!!!!
Sola og Sinead o'Connor holdt meg med selskap medan eg sykla. Eg sykla og tenkte på confetti og vind. For ein dag.
Sola og Sinead o'Connor holdt meg med selskap medan eg sykla. Eg sykla og tenkte på confetti og vind. For ein dag.
tid?
Om berre tida mi var oppdelen. Om nokon berre hadde dele opp tida mi. Berre slik at eg slapp å gjere det sjølv. Eg prøvde i dag. Igjen. På delinga. Eg brukte ein kulepenn, ein heilt ny kulepenn, og skrev ned på eit kvitt ark. Måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag. Så satte eg ein strek mellom kvar dag. Dela opp. I kolonner. Eg tok ikkje med lørdag og søndag. Det er jo fridagane. Slik har det alltid har vore. Etter at eg hadde ’kolonisert’ dei fem kvardagane, prøvde eg å systematisere alle dagane kvar for seg. Eg byrja med måndagen. 07.30-08.00: Meditere/yoga. 08.00-09.00: Frokost. 09.00-11.00: Skolearbeid. 11.00-12.00: Mat+tur ute. 12-15: Male. 15-16: Middag. Så førte eg opp at eg kunne få lese skjønnlitteratur om kvelden, samt meditere/yoga før sengetid, som sjølvsagt er rundt klokka ti. Den idelle leggetid. I Utopia. Eg kom ikkje lenger enn til måndagen. For eg vil jo få gjort alt dette kvar dag. Så då treng eg berre ein mal for alle fem dagane. Det er jo genialt. Ganske enkelt å forholde seg til. Så får eg gjort alt eg burde gjere, KVAR dag! ...men det blir jo veldig kjeeeeedelig! Då får eg ikkje tid til å gjere noko anna. Skal eg berre få fritt spelerom lørdag og søndag? Nei det klarar eg ikkje. Eg er ikkje god på å følge oppskrifter og systemer. Det veit eg. Likevel gjer eg dette med jevne mellomrom. Og når eg gjer dette. Når eg deler opp og prøver å systematisere vekedagane, er det prov på at eg har nådd det punktet att. Det punktet der raude lys byrjar å blinke. Det punktet der eg føler at eg må gjere noko konstruktivt. Presset er kome. Eg må få orden. No. Eg innbillar meg at livet mitt byrjar skli ut. Av kontroll. Blir du til kaffe? Nei, eg skal heim å gjere noko konstruktivt. Det høyres alltid bra ut. Då høyres det ut som eg har tatt kontrollen. Over tida mi. Men tida kan ikkje temmast. Tida beveger seg, hit og dit, fram og tilbake. Tida svever rundt om kring lik ei humle surrar mellom alt det grønne, alt det fargerike. Tida er individuell. Tid. Kun et ord. For alle har sin egen tid. Sin egen måte å bruke tida på. Eg kan ikkje leve ei kolonne-tid.
søndag 2. november 2008
Vugge
Når eg mjølkar kyr. Er det nokre av dei som vuggar. Dei vuggar frå side til side. Sakte. Medan eg setter på mjølkemaskina. Det er grasiøst. Den store tunge kroppen. Dei er så vakre. Mjuke og sterke. Nokon pustar tungt og luktar på meg. Dei vil vite kven eg er. Eller kva eg er. Nokre har auger som kikker klokt på meg i sidebikket. Dei veit det.
Abonner på:
Innlegg (Atom)