onsdag 26. mars 2008

Ski. Salat.


I dag då morgonalarmen vekka meg. Sto sola på glaset. Pressa seg på. Den ville inn. Difor måtte eg gå ut. Difor tok eg på meg ski. Og gjekk til nærbutikken. Der posta eg ein konvolutt. Ein papirkonvolutt. Med bobleplast i. Konvolutten inneheld ei gåve. Det kostar 23 kroner å sende seier dama. Som jobber der. Eg gir penger til ho. Kan hende nokon blir glad nå. Eg blir glad no. Når eg går på ski til butikken. Blir eg glad. Og når eg sender ein konvolutt. Uten at nokon andre veit om det. Eg lurer på det. Kvifor det er gøy. Når ingen veit om det. Det eg gjer.
Eit salatblad ligg på kjøkkenbordet. Saman med katten. Som river det i filler. Eg ser på det. Som blir reve i filler. Eg kunne ha ete det. Men det var så morosamt å sjå på. Når det blei reve. Av katten. Og no ligg det i ro. Katten er trøytt av det. Eg vil ikkje spise det. Meininga er vekke. For salatbladet. Det må vekk. Men eg lar det. Ligge der. Det er grønt. Ikkje brunt. Så kan augo mine ete det. Ete grønfargen. For når ein eter med augene. Forsvinner den ikkje. Grønfargen. Med det same. Det gjer han. Når ein eter med munnen. Salaten blir til små bitar. Går nedover. Blandar seg. Blir brunt. Eg kan ikkje bevise det. At det blir brunt. I magen. Men eg trur det. For alt blir jo brunt til slutt. Men så fins det jo ikkje. Ein slutt. For når eg blir det. Brun. Når eg blir jord. Så veks noko i meg. Noko grønt. Starten på noko. Eit liv. Kan hende. Eit salathovud. Som ligg der. Seinere. På eit kjøkkenbord. Og blir reve i filler. Av ein katt. Og med ein observatør. Ein annan. Enn meg.

2 kommentarer:

svakaffi sa...

Fin. Tekst.

JennySol sa...

Punktum er fin men mest rar. Iallefall når ein bruker den ofte.