lørdag 29. mars 2008

Dei flittige skuldrene

Ein sein kveld. Eg vandra att med ein veg. I andre tankar fór augene mine rundt omkring, og eg fekk eit glimt. Kan hende glimtet vara i to sekunder, ikkje meir. Men det vart nok til å gjere inntrykk. Inn eit vindauge såg eg eit par flittige skuldrer. Flittige og arbeidsame skuldrer som styra over ein komfyr. Dei var så velkjende. Dei var så runde og trygge og dei stelde istand noko som skulle smaka godt. Det var dei same skuldrene som mormora mi har og som farmora mi har. Som eg har skua på heile livet mitt. Mor mi byrja óg å få dei, sakte men sikkert. Eg kjende meg varm. Eg blei fyld med ømhet for alle skuldrene. Dei snille og flinke skuldrene som strever rundt i heile verda. Dei gjer ein innsats for livet. Og dei veit det ikkje sjølv. Dei veit berre at dette må gjerast. Og det skal gjerast med omhu. Det skal ikkje vere noko tull, og det skal vere frå botn av. Sausen skal vere laga av smør og mjøl og kraft ifrå beinrestane frå søndagsmiddagen. Det skal vere laga slik det alltid har vorte laga. Ikkje snakk om noko anna. Og eg finn tryggleiken i det. Det litle glimtet lagar ei intens kjensle av heime. Eg pakkar kjensla godt saman i meg og tar ho med meg vidare i den kalde kvelden. Eg tar meg sjølv i å ynskje om å få slike skuldrer sjølv ein gong. Som mennesker kan skua på. Som kan vere til tryggleik for dei.

2 kommentarer:

svakaffi sa...

Du har meir slike skuldrar allerede enn du sjøv vert klar over!

JennySol sa...

Eg takkar gode venn! Det var ein fin kommentar det.