Ein hylande vind.
Eit ristande hus.
Ein gamal sykkel.
Ein ny frakk.
Ei oppgåve.
Ei meg.
Stå opp seint. Utan vekkerklokke.
Lese i ei bok. Med låg musikk i rommet.
Sykle til butikken. Handle nødvendig og ikkje nødvendig proviant.
Klargjere seg. Bygge seg opp til den perfekte tilstand.
Makrell i tomat. Agurk. Magasinet. Lørdag.
Alt skal ende i mitt gjeremål for dagen.
Skrive om sau.
Leve meg inn i sauen si verd.
Korleis er det å vere sau.
Eg stoppar opp når eg går forbi dei.
Dei kniper augene att.
Eg veit ikkje om dei kosar seg.
Eller om dei frys.
Eg studerer desse eg skal skrive oppgåve om.
Dei runde, ofte kvite, dyra med dei tynne beina.
Nokre er komiske.
Då ler eg.
Nokre er triste, tynne, skitne.
Då gråter eg.
Dei held saman.
Har sterke band seg i mellom.
Eg vil kjenne dei.
Dei er mystiske.
Dei er magiske.
Dei driv med ting vi ikkje veit om.
Flyr om natta.
Kviskrar romantiske ord til kvarandre.
Draumer utruleg vakre draumar.
Løyser seg opp, blir til stjerner, kometar, regnbogar.
Sau.
Dei fortjener eit betre namn.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar