torsdag 18. desember 2008

Lykkeleg er den.
Som spontant svinger innom ein butikk.
Som sel det elektriske.
Det digitale.
Det spelbare og det høyrbare.
Lykkeleg er eg.
Som spontant kjøpte ein ny, flat og skinnande mp3-spelar.
Og eit nytt headset så fett at det nærast drypp av det.

Aah.... og lykkelege er vi som dansar gjennom livet.
Til musikk.
Som kjem til sin rett.

søndag 14. desember 2008

...

nok eit tilbakeslag
nok eit basketak med basseluskar og virus

den siste
no er det den siste turen

alt skal ut
det er mykje slagg

rein og fin
til jul

ja
lat oss satse på det

lørdag 13. desember 2008

Ein hylande vind.
Eit ristande hus.
Ein gamal sykkel.
Ein ny frakk.
Ei oppgåve.
Ei meg.

Stå opp seint. Utan vekkerklokke.
Lese i ei bok. Med låg musikk i rommet.
Sykle til butikken. Handle nødvendig og ikkje nødvendig proviant.
Klargjere seg. Bygge seg opp til den perfekte tilstand.
Makrell i tomat. Agurk. Magasinet. Lørdag.
Alt skal ende i mitt gjeremål for dagen.

Skrive om sau.
Leve meg inn i sauen si verd.
Korleis er det å vere sau.
Eg stoppar opp når eg går forbi dei.
Dei kniper augene att.
Eg veit ikkje om dei kosar seg.
Eller om dei frys.
Eg studerer desse eg skal skrive oppgåve om.
Dei runde, ofte kvite, dyra med dei tynne beina.
Nokre er komiske.
Då ler eg.
Nokre er triste, tynne, skitne.
Då gråter eg.
Dei held saman.
Har sterke band seg i mellom.
Eg vil kjenne dei.
Dei er mystiske.
Dei er magiske.
Dei driv med ting vi ikkje veit om.
Flyr om natta.
Kviskrar romantiske ord til kvarandre.
Draumer utruleg vakre draumar.
Løyser seg opp, blir til stjerner, kometar, regnbogar.
Sau.
Dei fortjener eit betre namn.

torsdag 4. desember 2008

krypande

...ut av ingen ting.
kjem dei.
krypande.
så små at ein ikkje har sjangs til å sjå dei kome.
dei slår seg ned ein stad.
i mitt tilfelle - venstre mandel.
dei formerar seg.
blir hissigare.
vil bryte med meg.
knekke meg.
slå meg ut.
mandelen er raud og hissig no.
eg får vondt når eg svelger.
strategien deira er nok å sulte meg ihjel.
så breier dei seg ut i heile kroppen.
feber.
eg tenker.
hm.
her må det motstand til.
eg skal ikkje falle.
eg kokar opp vatn.
skjærer ingefær og sitron i bitar.
urtete.
honning.
blandar alt.
har det i ei kanon.
og skyt.
kaboom.
eg tar dei.
ein for ein.
slurk for slurk.
eg brukar skitne knep.
mot feberen.
paracetamol.
eg sit heilt i ro.
dei veit ikkje kvar dei har meg lenger.
det er eit bakholdsangrep.
av beste sort.
og EG skal vinne.