lørdag 12. april 2008

Tusen valg

Eg gjekk forbi denne båten då eg var i Tyskland. Ein husbåt på land. Ein båt med trapp. Ein båt det går an å bu i. Eg kjende at det røyra seg noko i meg. Det var noko eg kjende att. Då eg såg båten. Kan hende det var eit ønske? Om å bu på min måte.
Eg liker ikkje bustadane som blir bygga no. Eg klarer ikkje skilje dei. Bustadane viser ikkje kven som bur der. For dei er jo heilt like. Men det er ikkje menneskene som bur inni dei. Då undrar eg. Er vi redde for å vise kven vi er? For om det eg seier stemmer: Kvifor er vi så redde? Vi er fødde ulike, så kvifor skal vi kjempe for å bli like? Det er sanneleg eit mysterium.
Nokon finn seg godt til rette i denne ramma som har forma seg rundt oss, men eg er overbevist om at største delen av menneskene i verda har andre draumar om korleis dei vil leve. Og dei held draumane godt fast inni seg. Det er skremmande å sleppe dei fri. For kva vil dei andre tru? Kan hende den sosiale sirkel ikkje aksepterer det, om ein ikkje lever som dei. Eg kan ikkje tillate meg å tenkje slik. For eg trur det er VI som lagar forestillingane om tankane som dei andre har. VI konstruerer sperringane for oss sjølv, med å bestemma kva andre tenkjer om oss. Når ein prøver å nøste litt opp i kvifor me gjer alt me gjer, kan det meste virke ganske absurd. Tenk. Tenk om det er slik. At det er vi, kvar enkelt av oss, som setter opp vegger og sperringar i livene våre. Berre for at vi har fantasi..! Ja, eg trur det er slik. Vi har fantasi til å lage tankar FOR andre. Men realiteten er at INGEN veit kva andre tenkjer.
Sjølvsagt preger det oss, kor vi har vekse opp, og med kven. Men etter kvart, når vi byrjer å bli vaksne, får vi moglegheiten til å ta valg som er berre våre. Kan hende vi får denne moglegheiten for seint i livet? At det blir hardt å finne kva ein vil, når ein allereie har køyrd i same spor over lengre tid?
Det er viktig å tenkje på at kvar ny generasjon har heilt andre forutsetnader enn den som kom før. Det er viktig å tenkje at vi aldri kan leve opp til forventningar som andre har. Vi SKAL ikkje leve etter andre sine forventningar. Vi lever kvar og ein våre egne liv. Men vi er samanfiltra med familie og venner. Det er jo ofte dei vi lever for. Men eg snakkar om det å vere vaken, og prøve å sjå menneskene i liva våre for den dei er. Å ikkje ville forandre dei. Sjølvsagt kan ein gi velmeinande råd, men det er alltid kvart enkelt individ som må kjenne etter kva som er det rette.
Det er det hardaste i livet. Å vite kva valg som er dei rette. Og kan hende DET er ei sperre i seg sjølv; -at vi heile tida skal VITE kva som er det rette. Kan hende det ikkje finns noko svar. For i kvart sekund vi lever, har vi tusen valg.
Og det i seg sjølv er ein stor fridom.
Eller kva?

Ingen kommentarer: