treport står og dunker.
vinden er mild.
flåga gnir seg i hendene.
vegg av glas.
blåveisen gøymer seg.
foglane er mange.
kvitring og skriking.
trea står der berre.
prøver ikkje å imponere.
vi skuer på alt.
det skuer ikkje tilbake.
vi vurderer.
nyter.
kritiserer.
vi er mennesker.
vi er óg natur.
men vi prøver å imponere.
annan natur gjer ikkje det.
den kan slappe av.
leve.
vi må streve.
for å ikkje imponere.
vi må streve.
for å leve.
tirsdag 29. april 2008
lørdag 26. april 2008
lørdag 12. april 2008
Tusen valg
Eg liker ikkje bustadane som blir bygga no. Eg klarer ikkje skilje dei. Bustadane viser ikkje kven som bur der. For dei er jo heilt like. Men det er ikkje menneskene som bur inni dei. Då undrar eg. Er vi redde for å vise kven vi er? For om det eg seier stemmer: Kvifor er vi så redde? Vi er fødde ulike, så kvifor skal vi kjempe for å bli like? Det er sanneleg eit mysterium.
Nokon finn seg godt til rette i denne ramma som har forma seg rundt oss, men eg er overbevist om at største delen av menneskene i verda har andre draumar om korleis dei vil leve. Og dei held draumane godt fast inni seg. Det er skremmande å sleppe dei fri. For kva vil dei andre tru? Kan hende den sosiale sirkel ikkje aksepterer det, om ein ikkje lever som dei. Eg kan ikkje tillate meg å tenkje slik. For eg trur det er VI som lagar forestillingane om tankane som dei andre har. VI konstruerer sperringane for oss sjølv, med å bestemma kva andre tenkjer om oss. Når ein prøver å nøste litt opp i kvifor me gjer alt me gjer, kan det meste virke ganske absurd. Tenk. Tenk om det er slik. At det er vi, kvar enkelt av oss, som setter opp vegger og sperringar i livene våre. Berre for at vi har fantasi..! Ja, eg trur det er slik. Vi har fantasi til å lage tankar FOR andre. Men realiteten er at INGEN veit kva andre tenkjer.
Sjølvsagt preger det oss, kor vi har vekse opp, og med kven. Men etter kvart, når vi byrjer å bli vaksne, får vi moglegheiten til å ta valg som er berre våre. Kan hende vi får denne moglegheiten for seint i livet? At det blir hardt å finne kva ein vil, når ein allereie har køyrd i same spor over lengre tid?
Det er viktig å tenkje på at kvar ny generasjon har heilt andre forutsetnader enn den som kom før. Det er viktig å tenkje at vi aldri kan leve opp til forventningar som andre har. Vi SKAL ikkje leve etter andre sine forventningar. Vi lever kvar og ein våre egne liv. Men vi er samanfiltra med familie og venner. Det er jo ofte dei vi lever for. Men eg snakkar om det å vere vaken, og prøve å sjå menneskene i liva våre for den dei er. Å ikkje ville forandre dei. Sjølvsagt kan ein gi velmeinande råd, men det er alltid kvart enkelt individ som må kjenne etter kva som er det rette.
Det er det hardaste i livet. Å vite kva valg som er dei rette. Og kan hende DET er ei sperre i seg sjølv; -at vi heile tida skal VITE kva som er det rette. Kan hende det ikkje finns noko svar. For i kvart sekund vi lever, har vi tusen valg.
Og det i seg sjølv er ein stor fridom.
Eller kva?
fredag 4. april 2008
Aldri har eg vore..
..meir fyld opp av det gode. Det med liv i. Det som til vanleg berre visar seg i kjappe glimt og vendingar. Det som eg lever for. Og av. Det må seiast. Og det SKAL seiast. At den har kome. Byrjinga på det nye ikring oss. Alt som kryper fram. Og andar på ny. Det er ikkje berre tre og plantar som andar på ny. Alt det vi er laga av, andar. Det vil opp, det vil springe ut i blomar. Blomane våre visar seg som smil og legger som løper med letthet. Ikkje for at dei må, men for at dei vil. Alt det som andar på ny, det vi har venta på. Det har kome. Det vil at me skal kome ut. Og ande med det. I det.
tirsdag 1. april 2008
De som står lavere enn andre, sa Buddha, er de som ser ned på sine medmennesker fordi de har forherdet hjertet sitt på grunn av rikdom eller kaste.
Hver enkelt menneske har ansvar for livet sitt. Det vi gjør av gode og dårlige handlinger vil prege fremtiden vår. -Buddha
Når tyveri og vold blir utbredt i et samfunn, skyldes det at velstanden i samfunnet er ulikt fordelt. -Buddha
Abonner på:
Innlegg (Atom)