mandag 9. februar 2009

Er

I dag, då eg gjekk utanføre huset, såg eg snøen. Såg eg sjøen. Sjø og snø er fine saman. Eg følte dei. Det tjukke kvitaste og det blåe djupaste. Sjøen var så djup blå at ein skulle tru nokon hadde dryppa blekk ut i. Og når fullmånen no skiner på sjøen si travle overflate, tenkjer eg, kjenner eg: Dette er noko som er bra. Dette er noko vi treng. Det vakre. Vi treng å nyte det vakre rundt oss. Men vi må stoppe opp. Ikkje berre sjå på det. Men FØLE det. La det bli til ein del av oss. La oss sjølv svinne hen i det, utan å tenkje. Gje slepp på alle krava rundt oss, for eit augneblink. Å ikkje vere namnet sitt, eller gjerningane sine. Ikkje vere tittel, klede eller omdøme. Men vere ein del av det heile som snurrar rundt, som skapar fargar, dagar og netter. Det heile, det som skapar av seg sjølv. Det som er større enn oss og som ER oss. Naturen. Vi ER natur. Vi er vakre. Kvart eit grasstrå er vakkert, det har verdi. Det er liv. Det blir sterkt saman med fleire, og det gir liv. Vi er alle ein del av sirkelen. Lat oss ikkje setje oss sjølve utanføre sirkelen av liv. Vi får liv, og vi gir liv tilbake. Opne augene. Opne. Du ER. Vi er. Levande.

mandag 2. februar 2009

søndag 1. februar 2009

det rolege

det er roleg.
der alt er.
det er februar.
eg sankar drivved att med sjøkanten.
dei store og små steinane er tydelege.
tydelegare enn før.
det er det rolege som gjer dei rom.
som gjer dei tydelege.
og vakrare.
gyldne skyer høgt oppe slepper sola gjennom.
ein gong i mellom.
og eg sankar.
og eg ser.
og den kalde rolege lufta fyller lungene.
og hegren står i ro.